Eg er Telaneo og dette er nettstaden min. Eg vonar det går bra med deg. Eg samlar på videospel blant andre ting. Fleire av tinga i samlinga mi er dokumentert på Steam-kontoen min og på PriceCharting-lista mi. Eg likar òg å ta bilete med Game Boy Camera-et mitt.
Eg jobbar som russisklærar hjå &Metodius, ei russisk språkskule i Oslo grunnlagd av den gamle russisklæraren min, Zoia.
Denne nettstaden er skrivi for å vera kompatibel med eldre nettlesarar. Dersom du oppdagar eit problem med måten nettstaden ser ut i ein eller annan nettlesar, eller endå betre, korleis det kan løysast, ta kontakt.
Det er eg som har umsett denne nettstaden til diverse språk, og eg kan ikkje alle saman flytande. Dersom du har eitt av språka denne nettstaden er tilgjengeleg på som morsmål, og har noko du vil retta på, ta kontakt.
Artiklar
Eg har skrivi nokon artiklar til denne nettstaden. Ta deg gjerna tid til å lesa deim. Dei er diverre ikkje tilgjengeleg på alle språka som denne sida er.
My Linux Journey, ein artikkel um min yvergang til Linux. Frå . Sist endra .
Media recommendations, ei liste bøker, filmar, videospel og andre media eg råder deg til å ta ein kikk på. Frå .
Старший сын Вампилова в нашей школе. Eit blogginnlegg frå då vi hadde skodespel, Vampilovs Den eldste sonen, som vi halde under Maslenitsa. Frå .
Русский театр в Осло. Eit blogginnlegg frå den russiske språkskulen i Oslo, då vi drog til det russiske teateret i Oslo. Frå .
Årets wikipedianer. Liste yver mottakarar av Årets wikipedianar-prisen frå Wikimedia Noreg. Eg mottok prisen saman med tvo andre i .
Klubb Samåvar i juni 2016. Eit blogginnlegg frå den russiske språkskulen i Oslo, då me hadde eitt av klubbmøta våre, då me feira åremålsdagen til Pusjkin med dessert og dikt. Frå .
Wikimania 2016. Eit blogginnlegg skrivi av meg for Wikimedia Noreg etter å ha delteke på Wikimania . Frå .
Wikipedia mangler kvinner. Ein artikkel frå Adresseavisen, i samband med treffet me hadde i Trondheim. Frå .
Reisebrev fra Jerevan. Mitt ferdbrev frå Jerevan, skrivi av meg etter at eg vann ein tur til Armenia som fylgja av Armenia-konkurransen på Wikipedia. Frå .